top of page

Harøy Bogeskytarlag

Norwegian Open

Norwegian Open 2015

​​Laurdag skal det konkurrerast i ei ny løype på 30 mål. Løypa ligg i spennande terreng i skog og fjøre, der vi også hadde andre del av laurdagens konkurranse i 2014. Etter ein liten pause blir det finaleskyting for dei beste i kvar klasse i samme område. Her blir det også premieutdeling og sosialt samvær med middag utover kvelden.

 

Søndag blir det konkurranse i Vikingstien. Dette er ei heilt spesiell løype på ca 20 mål med motiv frå vikingetid og norrøn mytologi. Skyteavstanden er frå 5 til 40 m, med varierande antall piler per mål. Den har ein del dramatiske skudd, med både bevegeleg mål og hurtigskyting.

 

Norwegian Open 2014

​​I 2014 var vi totalt 65 deltakarar frå Norge, Sverige, Danmark og Tyskland. På laurdagen vart det konkurrert i to ulike løyper med totalt 40 mål, etterfulgt av finaleskyting i 6 klassar. På kvelden var det felles middag og sosialt samvær med god stemning.

Søndagen var det like god deltaking med skyting i Vikingstien.

 

Resultatliste 3D

Resultatliste Vikingestien

Norwegian Open 2013

​​Norwegian Open 2013 var nesten som ein maraton med 80 piler for alle i innleiande rundar. Finaleskytinga for dei beste i kvar klasse, var pÃ¥ kvelden. Vi fekk spennande skyting heilt inn til siste pil. Det var deltaking bÃ¥de frÃ¥ Tsjekkia, Sverige, Danmark, Tyskland, Russland og Noreg. Norwegian Open har blitt ein internasjonal konkurranse.

 

Resultatliste NO innleiande og finalar.
Resultatliste Vikingstien

Norwegian Open 2012

​​Stor oppslutning rundt konkurransen. Harøy Bogeskyterlag gjorde sitt beste for at konkurransen vart gjennomført prikkfritt og i henhold til reglementet. Norwegian Open og konkurransen var ein suksess. Bileta til venstre viser både sol, vind, regn og glede.

 

Resultatliste NO

Resultatliste Vikingstien

bottom of page