Harøy Bogeskytarlag

Finne fram til Harøy

Bil - Åndalsnes - Harøy

 

Når du kjem til Åndalsnes, køyr så etter skilta til Ålesund. Etter ca 1t15m køyring tek du av til Brattvåg. Dersom du har GPS, går dette fint. Viss ikkje er google maps til god hjelp. Du må reise med ferje frå Brattvåg til Harøy, rute 22. Rutetabell.

Fly - Ålesund - Hurtigbåt
 

Flybuss frå Ålesund lufthamn og til Skansekaia i Ålesund sentrum. Hurtigbåten Tidelyn går frå Skansekaia i Ålesund til Harøy. Rutetider finn du her (PDF). 

Fly - Molde - Bil

 

Frå Molde kan å kome til Harøya ved å køyre til Hollingsholmen og ta ferja over til Aukra. Der køyrer ein vidare til Småge og tek ferja over til Finnøya. Frå Finnøya køyrer ein vidare til Harøy og etterkvart Røsok. Alternativ rute er å køyre til Mordalsvågen, ta ferja til Solholmen og køyre derifrå til Midsund og Dryna. Ta så ferja til Harøya og Myklebust. Køyr så frå Myklebust til Røsok.